Tilbake til databaselista Nytt søk Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 

Test2
90test 200
Foto

 ForrigeSide 3 av 5
Fann 90, viser 37 - 54
Gå til liste
Neste 

Målstemne på Haugen i Finden. Me har namn på ein del folk frå Strendene, elles er det mange frå Arnafjord der. Sjå namneliste og personkart.

Sjå datapost | Stort bilde


Maria Finden og Berte B. Finden. Maria var gift med Leifulf Finden og budde på Tåa. Berte var ein av dei seks borna til Botolv og Hansina Finden. Berte vart sjuk og døydde sju år gamal. To av dei andre syskena hennar døydde og unge.

Sjå datapost | Stort bilde


Kongeskipet i Finden 1986. Kronprinsesse Sonja starta i 1984 fjellturen i Stølsheimen, i Finnabotten. Denne gongen vitja ho Finden saman med Kronprins Harald og Kong Olav. Dei brukte lettbåten på skipet og tok seg inn i Findebotten. I Finden heiste dei flagget.

Sjå datapost | Stort bilde


Lars Jonson Finden og kona Astrid Østerbø med borna Gullbjørg og Alvhild. Lars var ein av dei to borna til Jon Larsson Finden og Anna Kristensdotter Røyrvik. Lars vart snikkar og flytte til Høyanger.

Sjå datapost | Stort bilde


Lars Finden med 7 revar som han skaut på ein vinter. To av revane skal han ha skote i eit skot. Bak ser me garden som Lars har overteke etter foreldra og heilt øverst huset til bestemora Gunnhild Nummedal.

Sjå datapost | Stort bilde


Gruppebilete av ungdomar frå Strendene og Nese. Nils-Johan sit med fele og Trond Vollevik spelar trekkspel. Biletet er truleg teke i Finden. Sjå namneliste. Ikkje namn på alle.

Sjå datapost | Stort bilde


Feriegjester i Finden. Det er mellom andre Erling Finden med familie. Han var gift med dotter til Georg Nese, Margit, som tek biletet. Dei bur på Høland. Erling var ein av dei ni borna til Per og Fredrikka Finden som flytte til Austlandet. Margit har med systrene sine Ingebjørg og Signy. Namneliste.

Sjå datapost | Stort bilde


Høyonn i Finden. Anders Nummedal står med ei rive og Finn Finden med ein høygaffel. I midten står Olav Øren, svigerfar til Anders. Finn var den yngste av borna til Per og Fredrikka Finden, som hadde flytt frå Finden til Austlandet. Anders døydde i 1941, og etterlet seg kona Gunnhild og 2 born.

Sjå datapost | Stort bilde


Brita Finden. Ho var ein av dei ni borna til Per og Fredrikka Finden. Åtte av borna var fødde i Finden då dei ei tid budde i Ingvaldgarden. I 1917 flytte familien til garden Bunæs på Hemnes i Høland. Faren til Per, Rognald, flytte med dei. Rognald var før plassmann frå Finnabotn.

Sjå datapost | Stort bilde


Gabriel Bunæs med ei høybør på Ytretåa. Gabriel var gift med Maria Finden. Ho var ein av dei ni borna til Per og Fredrikka Finden, som hadde Ingvaldgarden ei tid før dei flytte til Austlandet. Fredrikka var syster til Olav Øren. Øyragarden hadde teig på Ytretåa der biletet er teke.

Sjå datapost | Stort bilde


Husa på Øyragarden i Finden. Me ser stovehus, fjøsbygning, eldhus i midten framme. Bak ser me eit stabbur som no er rive. På garden hadde dei geiter, kyr, sauer, hest, gris og høns. Familien Øren står fremst på biletet.

Sjå datapost | Stort bilde


Besøk i Finden ein søndag. Systrene Husum frå Sogndal hadde slektskap på Tåa. Framme sit Jørg Brekke frå Ortnevik og Ingebjørg Husum frå Sogndal. Bak frå venstre er Kaia Husum, Lars Finden, Ingebjørg Finden, Anton Geithus og Brita J. Finden (Jo-Brita).

Sjå datapost | Stort bilde


Olav Øysteinson Øren. Han var frå Høyanger og var gift med Marta G. Tune frå Ortnevik. I tidsrommet 1900-1902, kjøpte han Øyragarden i Finden av Elling Steffenson Finden som reiste til Amerika. Olav og Marta fekk fem born. Fire av dei døydde i ung alder, berre Gunnhild voks opp.

Sjå datapost | Stort bilde


Frå Dunevollen. Det er Jenny Nordeide Linde som sit og mjølkar kyra Pryda. Jenny var budeie hjå Olav Øren.

Sjå datapost | Stort bilde


Per og Fredrikka Finden med barneflokken. Dei budde ei tid i Ingvaldgarden i Finden, men flytte til Austlandet i 1917. Borna framme er Erling og Finn. Bak foreldra står Maria, Nilla og Tomas. Og heilt bak Nils, Anton, Ragnvald og Brita.

Sjå datapost | Stort bilde


Lars J. Finden og kona Brita på sine eldre dagar. Dei sit her på ein steinmur over Botolvgarden i Finden. Lars i tresko og vadmålsklede og kona i fotsidt skjørt. Lars og Brita fekk 10 born. Sjå omtale av borna på bilete VIKf-95043.0035 og VIKf-95043.0036.

Sjå datapost | Stort bilde


Gamlastova i Finden. Gamlastova var våningshuset på garden før 1898. Den stod rett over huset som Botolv og Hildur bur i no. Gamlastova vart riven i 1954. Det er Botolv Finden som står saman med far sin Lars Finden og ein ukjend til høgre.

Sjå datapost | Stort bilde


Olastova og Gamlastova i Finden. Gamlastova vart riven i 1954, Olastova på 70-talet. Ola og Gjertrud Finden budde i Olastova før dei flytte på Tåa i ca. 1920. Sjå og bilete Vikf-95043.0041. Det er Lars Finden som står til venstre saman med sonen Botolv.

Sjå datapost | Stort bilde

 ForrigeSide 3 av 5
Fann 90, viser 37 - 54
Gå til liste
Neste