Lars Finden med ei av kveitene han har fiska. Bak ser me skulehuset i Finden som no er grendahus. Og heilt bak, stovehuset i Ingvaldgarden. Sjå datapost | Stort bilde
Portrett av Synnøve Finden (f.1882). Synnøve var yngst av dei ti borna til Lars J. og Brita Finden. Ho starta ostefabrikk kring 1925-1930. Ostefabrikken er framleis i drift, og produserer m.a pultost, gamalost og prim. Sjå datapost | Stort bilde
Lars og Ragna Finden skjer korn. Dei hadde ca. 1 mål korn til eige bruk. Kornet vart male på garden. Sjå datapost | Stort bilde
Jo-Brita Finden og Gunnhild Øren ved strandkanten i Finden. Til venstre ligg båten til Olav Øren og til høgre båten 'Djerv' som Birger Frivik hadde. Han var frå Kyrkjebø- strondi og var ofte på besøk i Finden. Bak til venstre ser me lakseverpe som stod i Vikji, i Finden på den tida. Sjå datapost | Stort bilde
Inntaking av turrhøy på Ytretåa. Det er Maria Finden Bunæs som har høybør på ryggen. Ho var ein av dei ni borna til Per og Fredrikka Finden. Fredrikka var syster til Olav Øren. Ho står mellom Marta og Olav Øren, og bak står Nils Finden, bror til Maria. Øyragarden hadde teig på Ytretåa. Sjå datapost | Stort bilde
Slekt og vener i Skjemmedalen. Dei står på taket på Ingvaldselet. Det er frå venstre Odd Nummedal, Jørgen Bunæs, Hildur Nummedal, Halldis Finden, Astrid Finden, Svanhild Røyrvik og Else Finden. Sjå datapost | Stort bilde
Nils Finden og Jørgen Bunæs ber lauvbørar i Finden. Olav Øren står i midten. Nils var ein av dei ni borna til Per og Fredrikka Finden, som hadde Ingvaldgarden ei tid før dei flytte til Austlandet og kjøpte garden Bunæs på Hemnes i Høland. Fredrikka var syster til Olav Øren. Sjå datapost | Stort bilde
M/F Losna kjem til Finden med ei gravemaskin, i 1984. Då vart det dyrka ca.30 mål jord og gamlefjøsen vart riven. Botolv Finden er til venstre på biletet. Sjå datapost | Stort bilde
Frå nydyrkinga i Finden. Det vart i 1984 dyrka ca.30 mål jord. Det vart kjøpt ein større traktor med steinsvans, gyllevogn, forhaustar og pallegaffel til å køyra mjølke- tankane på. Bak ser me fjorden som går inn til Findebotten. Sjå datapost | Stort bilde
Portett av Johan Øren. Johan døydde tidleg. Han var son til Ingrid og Birger Øren. Ingrid hadde og dottera Maria som seinare vart gift med Leidulf Finden. Birger var bror til Olav Øren. Ingrid og Birger Øren hadde Ingvald-garden i Finden ei tid, seinare var dei på Tåa i Finden. Sjå datapost | Stort bilde
Tomas Finden. Han var ein av dei ni borna til Per og Fredrikka Finden. Dei hadde Ingvaldgarden i Finden ei tid. I 1917 flytte dei til Austlandet. Der kjøpte dei garden Bunæs på Hemnes i Høland. Bestefar til Tomas, Rognald flytte med dei. Han var den siste plassmannen frå Finnabotn. Sjå datapost | Stort bilde
Oppskoka av heimabrygg i Botolv-garden. Botolv sit i midten med hatt og kvit skjorte. Ei mugge står attmed. Fleire av karane har stettglas med øl i handa. Sjå eiga namneliste. Sjå datapost | Stort bilde
Finden ca. 1910. Folk og hus i Botolv-garden. Me ser blant anna tre generasjonar frå Botolv-garden. Fleire gamle hus med torvtak på, og bak ser me fjorden inn til Finnabotn. Sjå namneliste og personkart. Sjå datapost | Stort bilde
Frå bryllaupet til Maria Larsen og Leidulv Finden. Med fele Johan N. Nese og med trekkspel Trond Vollevik. Sjå eigi namneliste. Personkart må nummererast. Sjå datapost | Stort bilde
Skuleborn i Finden. Born frå Hustavenes, Geithus og Finden høyrde til denne skulen. Lærarinne er Sigrid Finden. Borna frå Hustavenes og Geithus budde i Finden under skuletida, som var 14 dagar kvar månad. Resten av månaden skulte Sigrid på Vetlesand. Seinare vart denne skulen nedlagd, og Sylvarnes kom til. Sjå datapost | Stort bilde
Flyfoto av Finden. Me ser garden som Ingvald Røyrvik hadde i midten på biletet. Bak til høgre er Botolv-garden, og huset til venstre er skulestova. Bak ser me fjorden som går inn til Finnabotten. Sjå datapost | Stort bilde
Skuleklasse i Finden, 1927. Me ser born frå Geithus, Finden og Findebotten. Lærarinne var Agnes Dale. Sjå personkart og namneliste. Sjå datapost | Stort bilde
Ingrid Finden framfor ein steinmur på ein støl. Oppå murkanten ligg fleire mjølkebytter og ein ostask. Me veit ikkje kvar biletet er teke. Sjå datapost | Stort bilde