Back to database list Nytt søk Skriv ut Go to help Gå til den norske versjonen!
 

Test2
90test 200
Photos

 PreviousPage 4 of 5
Found 90, showing 55 - 72
Show list
Next 

Lars Finden med ei av kveitene han har fiska. Bak ser me skulehuset i Finden som no er grendahus. Og heilt bak, stovehuset i Ingvaldgarden.

Show original post


Portrett av Synnøve Finden (f.1882). Synnøve var yngst av dei ti borna til Lars J. og Brita Finden. Ho starta ostefabrikk kring 1925-1930. Ostefabrikken er framleis i drift, og produserer m.a pultost, gamalost og prim.

Show original post


Lars og Ragna Finden skjer korn. Dei hadde ca. 1 mål korn til eige bruk. Kornet vart male på garden.

Show original post


Jo-Brita Finden og Gunnhild Øren ved strandkanten i Finden. Til venstre ligg båten til Olav Øren og til høgre båten 'Djerv' som Birger Frivik hadde. Han var frå Kyrkjebø- strondi og var ofte på besøk i Finden. Bak til venstre ser me lakseverpe som stod i Vikji, i Finden på den tida.

Show original post


Inntaking av turrhøy på Ytretåa. Det er Maria Finden Bunæs som har høybør på ryggen. Ho var ein av dei ni borna til Per og Fredrikka Finden. Fredrikka var syster til Olav Øren. Ho står mellom Marta og Olav Øren, og bak står Nils Finden, bror til Maria. Øyragarden hadde teig på Ytretåa.

Show original post


Slekt og vener i Skjemmedalen. Dei står på taket på Ingvaldselet. Det er frå venstre Odd Nummedal, Jørgen Bunæs, Hildur Nummedal, Halldis Finden, Astrid Finden, Svanhild Røyrvik og Else Finden.

Show original post


Nils Finden og Jørgen Bunæs ber lauvbørar i Finden. Olav Øren står i midten. Nils var ein av dei ni borna til Per og Fredrikka Finden, som hadde Ingvaldgarden ei tid før dei flytte til Austlandet og kjøpte garden Bunæs på Hemnes i Høland. Fredrikka var syster til Olav Øren.

Show original post


M/F Losna kjem til Finden med ei gravemaskin, i 1984. Då vart det dyrka ca.30 mål jord og gamlefjøsen vart riven. Botolv Finden er til venstre på biletet.

Show original post


Frå nydyrkinga i Finden. Det vart i 1984 dyrka ca.30 mål jord. Det vart kjøpt ein større traktor med steinsvans, gyllevogn, forhaustar og pallegaffel til å køyra mjølke- tankane på. Bak ser me fjorden som går inn til Findebotten.

Show original post


Portett av Johan Øren. Johan døydde tidleg. Han var son til Ingrid og Birger Øren. Ingrid hadde og dottera Maria som seinare vart gift med Leidulf Finden. Birger var bror til Olav Øren. Ingrid og Birger Øren hadde Ingvald-garden i Finden ei tid, seinare var dei på Tåa i Finden.

Show original post


Tomas Finden. Han var ein av dei ni borna til Per og Fredrikka Finden. Dei hadde Ingvaldgarden i Finden ei tid. I 1917 flytte dei til Austlandet. Der kjøpte dei garden Bunæs på Hemnes i Høland. Bestefar til Tomas, Rognald flytte med dei. Han var den siste plassmannen frå Finnabotn.

Show original post


Oppskoka av heimabrygg i Botolv-garden. Botolv sit i midten med hatt og kvit skjorte. Ei mugge står attmed. Fleire av karane har stettglas med øl i handa. Sjå eiga namneliste.

Show original post


Finden ca. 1910. Folk og hus i Botolv-garden. Me ser blant anna tre generasjonar frå Botolv-garden. Fleire gamle hus med torvtak på, og bak ser me fjorden inn til Finnabotn. Sjå namneliste og personkart.

Show original post


Frå bryllaupet til Maria Larsen og Leidulv Finden. Med fele Johan N. Nese og med trekkspel Trond Vollevik. Sjå eigi namneliste. Personkart må nummererast.

Show original post


Skuleborn i Finden. Born frå Hustavenes, Geithus og Finden høyrde til denne skulen. Lærarinne er Sigrid Finden. Borna frå Hustavenes og Geithus budde i Finden under skuletida, som var 14 dagar kvar månad. Resten av månaden skulte Sigrid på Vetlesand. Seinare vart denne skulen nedlagd, og Sylvarnes kom til.

Show original post


Flyfoto av Finden. Me ser garden som Ingvald Røyrvik hadde i midten på biletet. Bak til høgre er Botolv-garden, og huset til venstre er skulestova. Bak ser me fjorden som går inn til Finnabotten.

Show original post


Skuleklasse i Finden, 1927. Me ser born frå Geithus, Finden og Findebotten. Lærarinne var Agnes Dale. Sjå personkart og namneliste.

Show original post


Ingrid Finden framfor ein steinmur på ein støl. Oppå murkanten ligg fleire mjølkebytter og ein ostask. Me veit ikkje kvar biletet er teke.

Show original post

 PreviousPage 4 of 5
Found 90, showing 55 - 72
Show list
Next