Tilbake til databaselista Nytt søk Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 

Test2
90test 200
Foto

 Side 1 av 5
Fann 90, viser 1 - 18
Gå til liste
Neste 

Kyrne i Finden måtte kunna symja, dei vart sende over Finnastraumen for å beita på andre sida. Her er kyrne komne ut i vatnet. Nokre sym og me ser berre i hovudi på dei.

Sjå datapost | Stort bilde


Fire generasjonar i Finden. Det er oldemor Ingerid Øren, bestemor Maria Finden bak t.h., mor Ingerid Nesse bak t.v og dottera hennar på fanget til oldemor.

Sjå datapost | Stort bilde


Portrett av Jensina S. Finden (1874-1964) og ein av brørne hennar, truleg Per (1876-1937). Jensina utvandra til USA i 1892 og vart gift med Andreas Sandvik. Per utvandra i 1893, var skreddar og vart gift med Clara Pederson (1883-1965).

Sjå datapost | Stort bilde


Elling Steffenson Finden (f.1869) og kona Ingrid Heggenes (f.1859). Elling overtok garden i Finden i 1896, men selde garden til Ola Øren i 1901 og reiste til USA med kone og fire born.

Sjå datapost | Stort bilde


Frå Finden. Brita Finden, gamlabesta, står midt på biletet med klut på hovudet, Hansina Finden i døropningen og Berte Geithus til venstre. Til høgre står Lars Finden. Dei to andre har me ikkje namn på.

Sjå datapost | Stort bilde


Botolv L. Finden (Gamle-Botolv) med pipa si, utanfor husveggen. Han står i arbeidsklede med kniv i slira.

Sjå datapost | Stort bilde


Gavlbåten som Botolv Finden hadde. Det var brødrene Nybø i Ortnevik som bygde den i 1951. Båten vart søkt i Finnafjorden i begynnelsen av 70-åra.

Sjå datapost | Stort bilde


Lærar og elevar i Finden, 1952. Det er Anders Balevik frå Indrefjord som er student og er lærar der. Borna framme er Odd Nummedal og Inger Røyrvik. Bak frå venstre er Brita Røyrvik, Hildur Nummedal, lærar Anders Balevik med skyggelue, Agnar Røyrvik, Lars Røyrvik og bak er Jenny Kvåle.

Sjå datapost | Stort bilde


Ungdomar i Finden ved høyhesa ein sommardag. Framme sit Halldis Finden. Bak frå venstre er Torbjørg Røyrvik, syskenbarnet Svanhild Røyrvik og Astrid Finden. Heilt bak sit Jon Finden. Jon og Astrid budde på Tåa.

Sjå datapost | Stort bilde


Botolv Finden saman med syskena sine Halldis og Arnfinn, som var tvillingar. Tvillingane sit i ein lenestol med eit vove teppe i, utanfor huset i Botolvgarden. Foreldra deira var Lars B. Finden og Ragna Røyrvik.

Sjå datapost | Stort bilde


Syskena Botolv og Olina Finden på sine gamle dagar. Dei var to av dei ti borna til Lars og Brita Finden. Botolv overtok farsgarden og vart verande i Finden. Han vart gift med Hansina Alræk og fekk seks born. Olina vart gift med Nils Brekke frå Kyrkjebø og sette bu i Ortnevik.

Sjå datapost | Stort bilde


Synnøve Finden (f.1882) omkransa av blomebukettar i stova. Synnøve var dotter til Lars Johnson Finden (f.1841) og Brita Friksdotter Brekke frå Kyrkjebø. Dei hadde 10 born. Brita, Frik, Anfinn, Berta, Jon, Botolv, Olav, Anna, Olina og Synnøve. Synnøve dreiv ostefabrikk i Oslo. Biletet ser ut til å vera teke i høve ei eller anna markering.

Sjå datapost | Stort bilde


Hus og gardsbruk i Finden. Me ser Lars B. Finden i vegen. Bak han er kårastova til Lars og Brita Finden. Ingvaldgarden er til venstre. Husa til høgre midt på biletet er Jo-husi. Over sundet ser me husa på Tåa.

Sjå datapost | Stort bilde


Frå Finden midt i slåttonna, med hesjane i bruk. Lengste hesa var på 300 meter. Alt foret vart hesja på denne tida, berre håslåtten vart lagt i kabbar. Dei tre husa som står samla midt på biletet er Jo-husi. Våningshuset og bua der brann i 1963. Fjosen vart riven i 1961.

Sjå datapost | Stort bilde


Høykøyring i Finden. Det er Hildur og Odd Nummedal og ein Jan frå Bergen som trakkar i høylasset. To bygutar står til venstre saman med Jon Finden. Bak han står Marta Øren og heilt til høgre ein Fredriksen frå Høyanger. Det minste huset bak er turka, som no er borte. Sjå personkart.

Sjå datapost | Stort bilde


Frå ei husmorlagsstemne i Finden. Nokre ungdomar frå Nese var med og besøkte Hildur Nummedal, og ho tok bilete av dei. Framme sit Arne Røyrvik, Anne Britt Nummedal og Aud Åse. Frå venstre bak er Solfrid Otterskred, Gjertrud Marie Simlenes, Jenny Åse og Sigvat Røyrvik. Heilt bak er Lars Røyrvik.

Sjå datapost | Stort bilde


Ingrid Øren. Ingrid var gift med Birger Øren. Dei hadde Ingvaldgarden i Finden ei tid. Seinare budde dei på Tåa. Birger var bror til Olav Øren i Øyragarden. Sjå og bilete nr.96011.0010.

Sjå datapost | Stort bilde


Ved ein husvegg i Øyragarden i Finden. Det er Marta Øren som står til høgre med dottera Gunnhild og dei to borna hennar, Hildur og Odd. Mann til Gunnhild døydde frå dei i 1941. Frå før hadde Gunnhild mista alle dei fire syskena sine, som døydde i ung alder. Steinar Alræk står i døropninga.

Sjå datapost | Stort bilde

 Side 1 av 5
Fann 90, viser 1 - 18
Gå til liste
Neste