| Vik, Finden, 1969 - 1969 | Bilde nr.SFFf-1988003.1336 |
| kyr, elv, symjing, | Lokal sign. |
| Kyrne i Finden måtte kunna symja, dei vart sende over Finnastraumen for å beita på andre sida. Her er kyrne komne ut i vatnet. Nokre sym og me ser berre i hovudi på dei. | |
| Vik (Strendene), Finden, 1948 - 1948 | Bilde nr.SFFf-1996219.0002 |
| gruppeU4, kvinner, jente, generasjonar, inngangsparti, | Lokal sign. VIKf-96019.0002 |
| Fire generasjonar i Finden. Det er oldemor Ingerid Øren, bestemor Maria Finden bak t.h., mor Ingerid Nesse bak t.v og dottera hennar på fanget til oldemor. | |
| Vik (USA), Finden, 1890 - 1900 | Bilde nr.SFFf-1997091.0006 |
| portrett2, mann, kvinne, heilfigur, utvandring, | Lokal sign. VIKf-97020.0006 |
| Portrett av Jensina S. Finden (1874-1964) og ein av brørne hennar, truleg Per (1876-1937). Jensina utvandra til USA i 1892 og vart gift med Andreas Sandvik. Per utvandra i 1893, var skreddar og vart gift med Clara Pederson (1883-1965). | |
| Vik (Arnafjord), Finden, 1890 - 1900 | Bilde nr.SFFf-1997091.0008 |
| portrett2, mann, kone, halvfigur, utvandring, | Lokal sign. VIKf-97020.0008 |
| Elling Steffenson Finden (f.1869) og kona Ingrid Heggenes (f.1859). Elling overtok garden i Finden i 1896, men selde garden til Ola Øren i 1901 og reiste til USA med kone og fire born. | |
| Vik (Strendene), Finden, 1920 - 1920 (CA) | Bilde nr.SFFf-1996094.0043 |
| gruppeU6, kvinner, menn, gut, hund, stav, klut, river, | Lokal sign. VIKf-95043.0043 |
| Frå Finden. Brita Finden, gamlabesta, står midt på biletet med klut på hovudet, Hansina Finden i døropningen og Berte Geithus til venstre. Til høgre står Lars Finden. Dei to andre har me ikkje namn på. | |
| Vik (Strendene), Finden, 1948 - 1948 (CA) | Bilde nr.SFFf-1996094.0032 |
| portrettU, mann, pipe, bukseselar, arbeidsklede, husvegg, | Lokal sign. VIKf-95043.0032 |
| Botolv L. Finden (Gamle-Botolv) med pipa si, utanfor husveggen. Han står i arbeidsklede med kniv i slira. | |
| Vik (Strendene), Finden, 1957 - 1957 | Bilde nr.SFFf-1996094.0033 |
| gavlebåt, taufeste, fjord, | Lokal sign. VIKf-95043.0033 |
| Gavlbåten som Botolv Finden hadde. Det var brødrene Nybø i Ortnevik som bygde den i 1951. Båten vart søkt i Finnafjorden i begynnelsen av 70-åra. | |
| Vik (Strendene), Finden, 1952 - 1952 | Bilde nr.SFFf-1996094.0025 |
| gruppeU8, lærar, elevar, skyggelue, gjerde, bygningar, | Lokal sign. VIKf-95043.0025 |
| Lærar og elevar i Finden, 1952. Det er Anders Balevik frå Indrefjord som er student og er lærar der. Borna framme er Odd Nummedal og Inger Røyrvik. Bak frå venstre er Brita Røyrvik, Hildur Nummedal, lærar Anders Balevik med skyggelue, Agnar Røyrvik, Lars Røyrvik og bak er Jenny Kvåle. | |
| Vik (Strendene), Finden, 1950 - 1950 (CA) | Bilde nr.SFFf-1996094.0028 |
| gruppeU5, jenter, gut, solliv, shorts, sommarkjolar, hes, | Lokal sign. VIKf-95043.0028 |
| Ungdomar i Finden ved høyhesa ein sommardag. Framme sit Halldis Finden. Bak frå venstre er Torbjørg Røyrvik, syskenbarnet Svanhild Røyrvik og Astrid Finden. Heilt bak sit Jon Finden. Jon og Astrid budde på Tåa. | |
| Vik (Strendene), Finden, 1933 - 1933 (CA) | Bilde nr.SFFf-1996094.0022 |
| gruppeU3, sysken, tvillingar, stol, teppe, luer, gensar, | Lokal sign. VIKf-95043.0022 |
| Botolv Finden saman med syskena sine Halldis og Arnfinn, som var tvillingar. Tvillingane sit i ein lenestol med eit vove teppe i, utanfor huset i Botolvgarden. Foreldra deira var Lars B. Finden og Ragna Røyrvik. | |
| Vik, Finden, 1960 - 1960 (CA) | Bilde nr.SFFf-1996094.0023 |
| portrettU2, sysken, mann, kvinne, frakk, lue, kjole, brille, | Lokal sign. VIKf-95043.0023 |
| Syskena Botolv og Olina Finden på sine gamle dagar. Dei var to av dei ti borna til Lars og Brita Finden. Botolv overtok farsgarden og vart verande i Finden. Han vart gift med Hansina Alræk og fekk seks born. Olina vart gift med Nils Brekke frå Kyrkjebø og sette bu i Ortnevik. | |
| Vik, Finden, 1950 - 1950 (CA) | Bilde nr.SFFf-1996094.0001 |
| portrett, kvinne, blomster, lampe, interiør, | Lokal sign. VIKf-95043.0001 |
| Synnøve Finden (f.1882) omkransa av blomebukettar i stova. Synnøve var dotter til Lars Johnson Finden (f.1841) og Brita Friksdotter Brekke frå Kyrkjebø. Dei hadde 10 born. Brita, Frik, Anfinn, Berta, Jon, Botolv, Olav, Anna, Olina og Synnøve. Synnøve dreiv ostefabrikk i Oslo. Biletet ser ut til å vera teke i høve ei eller anna markering. | |
| Vik (Strendene), Finden, 1952 - 1952 | Bilde nr.SFFf-1996094.0002 |
| hus, gardsbruk, hesjar, portrettU, mann, torvtak, fjord, | Lokal sign. VIKf-95043.0002 |
| Hus og gardsbruk i Finden. Me ser Lars B. Finden i vegen. Bak han er kårastova til Lars og Brita Finden. Ingvaldgarden er til venstre. Husa til høgre midt på biletet er Jo-husi. Over sundet ser me husa på Tåa. | |
| Vik (Strendene), Finden, 1952 - 1952 | Bilde nr.SFFf-1996094.0003 |
| bygningar, gardsbruk, hesjar, torvtak, telefonstolpar, sjø, | Lokal sign. VIKf-95043.0003 |
| Frå Finden midt i slåttonna, med hesjane i bruk. Lengste hesa var på 300 meter. Alt foret vart hesja på denne tida, berre håslåtten vart lagt i kabbar. Dei tre husa som står samla midt på biletet er Jo-husi. Våningshuset og bua der brann i 1963. Fjosen vart riven i 1961. | |
| Vik (Strendene), Finden, 1946 - 1946 (CA) | Bilde nr.SFFf-1996105.0042 |
| gruppeU11, høykøyring, høylass, hest, reidskap, hesjar, | Lokal sign. VIKf-96011.0042 |
| Høykøyring i Finden. Det er Hildur og Odd Nummedal og ein Jan frå Bergen som trakkar i høylasset. To bygutar står til venstre saman med Jon Finden. Bak han står Marta Øren og heilt til høgre ein Fredriksen frå Høyanger. Det minste huset bak er turka, som no er borte. Sjå personkart. | |
| Vik (Strendene), Finden, 1954 - 1954 | Bilde nr.SFFf-1996105.0043 |
| gruppeU8, ungdomar, born, bomullskjolar, belter, småsko, | Lokal sign. VIKf-96011.0043 |
| Frå ei husmorlagsstemne i Finden. Nokre ungdomar frå Nese var med og besøkte Hildur Nummedal, og ho tok bilete av dei. Framme sit Arne Røyrvik, Anne Britt Nummedal og Aud Åse. Frå venstre bak er Solfrid Otterskred, Gjertrud Marie Simlenes, Jenny Åse og Sigvat Røyrvik. Heilt bak er Lars Røyrvik. | |
| Vik, Finden, 1920 - 1940 (CA) | Bilde nr.SFFf-1996105.0034 |
| portrettU, kvinne, klut, kåpe, stakittgjerde, | Lokal sign. VIKf-96011.0034 |
| Ingrid Øren. Ingrid var gift med Birger Øren. Dei hadde Ingvaldgarden i Finden ei tid. Seinare budde dei på Tåa. Birger var bror til Olav Øren i Øyragarden. Sjå og bilete nr.96011.0010. | |
| Vik (Strendene), Finden, 1943 - 1943 (CA) | Bilde nr.SFFf-1996105.0038 |
| gruppeU5, kvinner, born, strikkajakker, snøresko, husvegg, | Lokal sign. VIKf-96011.0038 |
| Ved ein husvegg i Øyragarden i Finden. Det er Marta Øren som står til høgre med dottera Gunnhild og dei to borna hennar, Hildur og Odd. Mann til Gunnhild døydde frå dei i 1941. Frå før hadde Gunnhild mista alle dei fire syskena sine, som døydde i ung alder. Steinar Alræk står i døropninga. | |
| Vik (Strendene), Finden, 1935 - 1935 (CA) | Bilde nr.SFFf-1996105.0039 |
| portrettU2, kvinne, mann, klebyte, hattar, handveske, kåpe, | Lokal sign. VIKf-96011.0039 |
| Olav Øren og Margit Nese Finden. Dei har her bytt klede med kvarandre. Olav har fått på seg kåpa hennar og har lånt handveska. Margit har dressen og hatten hans. Margit er gift med Erling Finden og bur på Hemnes i Høland. | |
| Vik (Strendene), Finden, 1960 - 1960 | Bilde nr.SFFf-1996105.0028 |
| portrettU, budeie, mjølkekagge, kjoleforkle, skaut, | Lokal sign. VIKf-96011.0028 |
| Gunnhild Nummedal med ein mjølkekagge på ryggen. Ho skulle her av å mjølka kyrne på Hatlevikkvina på Indretåa og måtte då ro over fjorden. Etter dei slutta stølsdrifta i Dunevollen i 1939, var kyrne på den andre sida av Finnafjorden om sommaren frå 20.mai til 1.sept. Kyrne symde over fjorden. | |
| Vik (Strendene), Finden, 1965 - 1965 (17.08.) | Bilde nr.SFFf-1996105.0029 |
| brudepar, gruppeU15, blomster, slør, bygningar, torvtak, | Lokal sign. VIKf-96011.0029 |
| Brita Finden og Artur Egeland sitt bryllaup. Brita er dotter til Ingvald og Anna Røyrvik. Dei flytte frå Finden til Vik i 1964, men var ute og feira bryllaup i Ingvaldgarden etter dei var vigde på Nese. Bak brudeparet ser me Laurits Hustavenes. Husa med torvtak er sjøbu og naust til Øyragarden. | |
| Vik (Strendene), Finden, 1930 - 1935 (CA) | Bilde nr.SFFf-1996105.0030 |
| gruppeU5, kvinner, menn, ølkjenge, gardstun, bygningar, sau, | Lokal sign. VIKf-96011.0030 |
| Folk og hus i Øyragarden. Det er frå venstre Gunnhild Øren, Ola Øren med ei ølkjenge, Marta Øren, Birger Frivik og Øyvind Øren. Bak ser me fjøsbygningen med ein sau attmed og mellom fjøsen og våningshus står ei kjerre. | |
| Vik (Strendene), Finden, 1938 - 1938 | Bilde nr.SFFf-1996105.0033 |
| portrettU2, syster, bror, arbeidsklede, klut, hesjar, fjord, | Lokal sign. VIKf-96011.0033 |
| Olav Øren og systera Fredrikka Øren Finden. Fredrikka var gift med Per Finden. Dei hadde ni born og budde ei tid i Ingvaldgarden i Finden. I 1917 flytte dei til Austlandet og kjøpte garden Bunæs på Hemnes i Høland. Olav Øren hadde Øyragarden i Finden. Syskena kom frå Høyanger. | |
| Vik, Finden, 1950 - 1950 | Bilde nr.SFFf-1996105.0024 |
| gruppeU50, hattar, blomster, vesker, knebukse, besteklede, | Lokal sign. VIKf-96011.0024 |
| Ragnvald Finden kjem heim frå Amerika. Broren Thomas med familie tek imot han på kaien i Oslo. Ragnvald var to gonger i Amerika. Fyrst i 20 år, sidan i 4 år til. Så overtok han garden på Bunæs i Høland. Ragnvald og Thomas var to av dei ni borna til Per og Fredrikka Finden. | |
| Vik (Strendene), Finden, 1932 - 1932 (CA) | Bilde nr.SFFf-1996105.0025 |
| gruppeU7, kvinner, menn, båt, presenning, hattar, skaut, | Lokal sign. VIKf-96011.0025 |
| Siste båten til Olav Øren i Finden. Båten var bygd av Ola Bolstad i Lånefjorden. I 1945-46 selde han båten til Birger Frivik i Høyanger. Olav Øren står bak i båten og Gabriel Bunæs framme. Dei andre på biletet er 'Store-Jo' Finden, Marta Øren, 'Jo-Brita' Finden, Maria og Fredrikka Finden. Pers.kart. | |