Back to database list Nytt søk Skriv ut Go to help Gå til den norske versjonen!
 
 Record 1 of 1
Back to the list
 
© Islendingen Snorre Sturlason (0000-1241) skreiv Heimskringla, norske kongesoger. Soga om Magnus Berrføtt er ei av dei. År 1900 kom Heimskringla for første gong på nynorsk.
© Snorre Sturlason: Kongesogur (1900) er rikt illustrert av fleire kunstnarar. Denne teikninga høyrer til slaget i Ulster 1103. Biletteksten er henta frå Snorre: ”Då soli rann, gjekk Magnus og mennene hans i land.”
© Jens Hæreid frå Årdal i Sogn skreiv Norigs soga. Fortald for skule og heim. (1926).
© Norges historie (1915), Ascheoug, 8 band, var ”fremstillet for det norsk folk” av professor dr. A. Bugge, riksarkivar E. Hertzberg, professor dr. Oscar Albert Johnsen, professor dr. Yngvar Nielsen, professor dr. A. Taranger og professor dr. J.E. Sars.
© Magnus Berrføtt-sogelag og festival i Irland. Bilettekst: “The Magnus Viking Assosiation (MVA) was founded in 2003. Local enthusiasts held a meeting in the Down County Museum following the 2002 Magnus Barelegs festival. They drew their name from King Magnus Barelegs of Norway, who is buried outside Downpatrick, near the Downpatrick Railway Museum.”
© Noreg sitt riksvåpen.
© Slaget der kong Magnus Berrføtt fall år 1103, stod i dagens Nord-Irland, Down County, i nærleiken av byen Downpatrick. Vikingperioden i fylkessoga (ca 800 – 1100) har stor plass i utstillinga «Down through time» i bymuseet i Downpatrick. Snorre si soga om Magnus Berrføtt seier ikkje noko om kvar kongen vart gravlagd.
© Frå Slaget ved Strangeford Lough i Nord-Irland 23. august 1103, slik ein teiknar har skildra hendinga då kong Magnus Berrføtt fekk eit spyd gjennom begge låra. Kongen tok ta i spydet og braut det i to med desse orda: ”Soleis bryt me leggsperror, gutar. Klem på, dette nauvar ikkje meg!” [gjer meg ingen ting]

Om kong Magnus Berrføtt

”Soleis bryt me leggsperror, gutar. Klem på, dette nauvar ikkje meg!” Det var orda til kong Magnus Berføtt då han fall i Irland, 23. august 1103. Han tok tak i eit spyd som hadde gått gjennom begge låra hans. Kven var Magnus Berrføtt? Kva står det om ”den siste vikingkongen” i eldre og nyare litteratur ? Andre spor? Noko i Irland? Har Magnus Berrføtt tilknytning til Sogn og Fjordane? Artikkelen presenterer nokre småplukk.

Norsk Allkunnebok (1957)

”Magnus Berrføtt (1073-1103), konge saman med Håkon Toresfostre 1093, einekonge frå 1094 eller 1095, son til Olav Kyrre. Magnus synest å ha vore ein strid konge, både innalands og utanlands. Viktigast for ettertida vart det at han knytte Vesterhavsøyane fast til Noreg, skapte ro og fred på Orknøyane og fekk skottekongen til å godkjenna det norske herredømet over Suderøyane [Hebridene] og Man. Han førde og krig med Sverige og Danmark i området Vestergøtland-Halland. På siste vesterferda si 1102, vann Magnus Dublin, men fall i Irland på heimveg sumaren 1103. Irsk og skotsk segntradisjon mintest han som ein verdig stridsmann.”

Norigs soga – fortald for heim og skule (1926)

”Han var høgvaksen og fager og djerv. ”Ein konge skal sjå meir etter æra enn etter eit langt liv,” sa han. Fyrst gjorde han tvo herferder til Vesterhavsøyane. Sidan laut øyane vestanfor Skottland [Hebridene] svara skatt til Norig i meir enn 150 år. Det er ei segn, at på ei av desse ferdene sende Magnus skorne sine til ein irsk konge og truga han til å bera deim um halsen joledagen. På den måten skulde han syna at han var Magnus sin undermann. (..)

Magnus vilde og at Gautelvi og Väneren skulde vera landskil mellom Norig og Sverike. Det vart ufred um dette. Då gifte Magnus seg med Margret, dotter åt kong Inge i Sverike. Ho fekk Dalsland i heimanfylgja [medgift], og dermed vart det ende på ufreden.” (..)

Då dei gjekk yver nokre myrar, kom irane setjande innpå deim frå alle kantar. Nokre av nordmennene flydde til skipi, men Magnus sette ryggen mot eit tre og varde seg godt med sverdet ”Leggbit”. Nordmennene hogg irane ned som bufe, men yvermakti vart for stor. Eit kastespjot gjekk tvert igjenom båe låri åt Magnus. Han braut det av og kasta stubbane, og ropa: ”Soleis bryt me leggsperror, gutar. Klem på, dette nauvar ikkje meg!”. Men straks etter fekk han eit øksehogg i halsen. Då sa han til Vidkunn Jonsson, merkesmannen sin: ”Me lyt skiljast; no må du berga deg; trufast hev du fylgt meg,” Vidkunn felte banemannen åt kongen, og so flydde han med sverdet og merket hans.”

Norges historie for gymnas og lærerskoler (1960)

”Olavs sønn Magnus Berrføtt (1093-1103) var som farfaren [Harald Hardråde] hærhøvding og hadde all sin interesse rettet mot reint utenrikspolitiske mål. På to ferder til Vesterhavslandene knyttet han de norske utbygder fastere til riket. Suderøyene og Man ble nå et nytt tillegg til Norgesveldet. Irland var tiltenkt same skjebne, men nå falt Magnus i kampene der borte. Vårt seinere riksmerke, den gylne, norske løve på rød bunn, er nevnt for første gang under kong Magnus. Han hadde det som skjoldmerke.”

Norges historie, Aschehoug, 8 bind, 1995

Det står om Magnus Berrføtt i bind 2, under kapitlet ”Hardrådeætten”, i avsnittet ”Den siste vikingkongen”, ½ side. Om slaget i 1103 står det:

”Magnus sørget for at krigen i vest betalte seg selv – og antagelig mer til – slik farfaren [Harald Hardråde] hadde gjort under sine angrep sørover mot dansk farvann, som hadde endt i rene plyndringstokter. Under et typisk ”strandhugg” i Nord-Irland i august 1103, like før nordmennene skulle reise hjem, ble de overrasket av en større irsk styrke etter at irene først hadde lokket dem ut i et myrområde. I denne kampen falt Magnus, knapt 30 år gammel.”
 

Norges historie, Aschehoug, 10 bind, 1915

Det står om Magnus Berrføtt i Aschehougs Norges historie (1915), bind II-1, 1030-1103, to kapittel på i alt 20 sider. Det eine kapitlet handlar om ”Magnus Barfod indenlands”, det andre om ”Magnus Barfod og udlandet.” Mot slutten høyrer vi om at Magnus sette spor i den irske soga, så som i annaler (årbøker), og dessutan:

”Mindet om Magnus levede længe i Irland i sagn og digt og eventyr. (..) Gamle kvæder synger om ”Magnus den store” (Maghnus mor), som kommer seilende ”for at underlægge sig hele Erin [Eire, Irland] med sverd og med kamp”.
 

Magnus Viking Association (frå 2003) – Festival og Legbiter Ale

Minnet om Magnus lever framleis. Slaget der kong Magnus fall, stod i dagens Nord-Irland, i Down county, i nærleiken av byen Downpatrick. Irane her viser interesse for ”the Viking life” i den irske soga. I 2002 starta dei eit sogelag, The Magnus Viking Association, i kjølvatnet av festivalen Magnus Barelegs Festival (2001). Føremålet var å syna arven frå viking-perioden i området Strangford Lough, som alt på 800-talet var base for vikingar. Bryggjeriet Strangford Lough Brewing Company har jamvel to Magnus Berrføtt-øl i assortementet sitt: Barelegs Brew og Legbiter Ale.

Cllr Dr. Ian Adamson (2010)

skriv om “Magnus Barelegs, the great Viking King,” på bloggsida Impala Publishers Blog Page. Han fortel at han som barn lærde litt norsk av ein onkel i Skottland og fekk kjennskap til Slaget i Ulster 1103 då Magnus Berrføtt (Barelegs) fall. Seinare har han skaffa seg meir kunnskap om dei islandske og norske ”sagas”. Han viser både til Snorre sine kongesoger, Heimskringla, og Orkneyinga Saga som kjelder for artikkelen sin. Om sjølve slaget skriv dr. Ian Adamson:

“Magnus Barelegs made a deal with Mýrkiartan [irsk konge] to supply manpower for him in return for much needed provisions of cattle for his homeward journey to Norway. He sailed his longboats in from Strangford Lough up the River Quoile and beached them near the present day Down Cathedral along the Ballyduggan Road. There he waited patiently for the cattle to arrive on the agreed day of St. Bartholomew’s Eve, 23rd August, 1103.

When evening came and no cattle had arrived, against the advice of his commander Eyvind Olboge, he decided the next morning to leave the safety of the ships and seek out the missing cattle, believing that Mýrkiartan had broken his promise, “know ye that the Irish are treacherous”. Marching along the side of the tidal marshes he came to a high hill, possibly where Dundrum Castle now stands. Looking out he saw a great cloud of dust and believed that he had not been betrayed. Dropping his guard he ventured out, to be immediately ambushed by the men of Ulster. When the ensuing Battle of Ulster reached across the mud flats of the Quoile Estuary, the Vikings led by Magnus were slaughtered. Some made it back to their boats leaving Magnus and a few of his loyal guards to fight to the death.

King Magnus received a wound, being pierced by a spear through both thighs above the knees. The great King grabbed hold of the shaft between his legs and broke the spear in two, saying “Thus we break spear-shafts, my boys; let us go briskly on. Nothing hurts me”. But a little while after Magnus was struck in the neck with an Ulster axe and this was his death wound.”

Then those who were behind him fled. Vidkunn Jonsson, his bodyguard, instantly killed the man who had given the King his death wound and retreated, having received three wounds. He brought the King’s Banner and his sword Legbiter to the ships. He was the last man who fled.”
 

Om opphavet til det norske riksvåpenet

Illustrasjonen over, frå slaget då Magnus fall, viser mannen med kongsmerket rett bak han. Merket har ei løve. Kongen har også ei løve på brystet. Teiknaren har belegg for løva hjå Snorre. I Norges historie (1916) står det:

”Sagaerne fortæller, at Magnus, da han døde, havde en gylden hjelm paa hodet og et rødt skjold foran sig, og paa det var malet en løve i guld. Her nævnes for første gang den norske løve. Flere forskere har tvilet paa denne beretning, og ment, at slige vaabenprydede skjold ikke var i brug saa tidleg som i 1103.”

Snorre i Soga om Magnus Berføtt:
 

”Kong Magnus hadde hjelm paa hovude og raud skjold, og der var de innlagt ei løve med gull; han hadde eit sverd ved belte, som heitte Leggbit, (..). Han hadde eit spjot i handi og ei raud silketrøye yvi skjorta, og der var det sauma ut ei løve med gul silke både framme og bak.”
 

Kvifor tilnamnet Berrføtt?

Til alle tider har folk gjerne fått namnet sitt tillagd eit karakteriserande nemne; Harald Hårfagre, Olav Kyrre, Inge Krokrygg, Håkon Herdebrei. Men kva er forklaringa på Berrføtt, Barfod, engelsk Barelegs? Norges Historie (1916) har følgjande forklaring, med Snorre som kjelde:

”Da Magnus kom hjem frå sin første Vesterhavsfærd, gik han og hans mænd i den klædedragt, som var vanlig i Skotland og Irland, og som den dag i dag [rundt 1916], om end i noget ændret form, bruges af høiskotterne, med bare knær og korte kjortler og overkapper. Derfor blev han kaldt ”Barfod” (egt. Berføtt, eller ”Barbein”), og det er, som vi ved, det kjendenavn han mindes me af eftertiden.”
 

Norsk filmprosjekt

Kva så med kong Magnus Berrføtt og Sogn og Fjordane? Namnet hans førekjem som stadnamn i «byen» til fylket, Bergen; Magnus Barfods gate og Magnus Barfodsenteret med Magnus Barfod kino. Og nærare: Randi Førsund, Sogn og Fjordane, arbeider med filmprosjektet Hemnen. ”.. eit vikingdrama basert på sanning,” skriv Førsund i ein søknad (2010) til Sogn og Fjordane fylke om sponsormidlar. Ho opplyser at handlinga er lagt til Sogn og Fjordane og knytt til kong Magnus Berrføtt (1073-1103), og at filmen legg fram to nye teoriar om kong Magnus. Dei skal leggjast fram vitskapleg når filmen er ferdig. Hausten 2012 førelåg Førsund si bok «Magnus Berrføtt». Boka er nr. 7 i serien Sagakongene.  


Artikkelnummer:
SFFkl-120923
 
Forfattar og datering:
Hermund Kleppa, 2011.
 
Prenta kjelder:
Feilmelding: Reference to undefined entity 'Oslash'.

Denne feilmeldinga kjem av at tekstfeltet for artikkelen ikkje er eit ´rett´ XML-dokument. Mest sannsynleg kjem feilen av at ein start HTML tagg ikkje er lik ein slutt HTML tagg. T.d. <p>......</b>. Eller at ein HTML tagg er skiven feil, t.d. <p />.

Sjå nøye gjennom tekstfeltet i databasen, og rett eventuelle feil!
 
Aktuelle nettstader på Internett:
Wikipedia: Norges riksvåpen
Blood of the Norse: Chapter 1 - History of the Magnus Viking Association
 
Cupy URL to this article:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/opi.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=120923&spraak_id=1&ptype=single

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sf-f.kommune.no
 
vikingtida (vikingetiden)
 
Sogn og Fjordane fylke