Tilbake til databaselista Nytt søk Skriv ut Hjelpeside English users can click here!
 
 ForrigePost 153 av 1868
Tilbake til lista
Neste 
© Stølsjentene med sine hylkje på veg til stølen. Frå venstre: Aslaug Bjørkelo, Kristine Bjørkelo, Gudrun Bjørkelo, Ranveig Bjørkelo.
© Stølsjenter attende på gamle tufter. Frå venstre: Signy Bjørkelo, Kristine Bjørkelo, Nella Bjørkelo og Katrine Bjørkelo. Steffen Bjørkelo eig selet.
© Stølshusa er inngjerda. Stor slåttekvie utanfor med høylader.

Trykk her for å sjå kartet i eit nytt vindauge

© Bjørkelostølen med slåttemark.

Byrkjelostøylen

Stølen ligg i skogslia under Vora i ei høgd på ca. 330 m o.h., og vart brukt av gard nr. 104, Byrkjelo. Innanfor gjerdet ligg 3 sel og restar etter eit par uthus. Etter måten mykje slåttemark utanfor gjerdet der høyet vart lagra i eigne høylader.

Tilkomst

Lia opp til stølen har til dels store steinblokker. Ystevegen, der kyrne vart jaga, var lengst. Innstevegen var ein snarveg der stølsjentene til del måtte hoppe frå stein til stein. Kring 3 kvarter å gå.

Bruk av stølen

Frå Kjell Råd si bok: "Brita Myklebust, fødd 1922, fortel: I min barndom og før den tid var dei først på stølen 14 dagar før jonsok. Deretter var kyrne i heimemarka 14 dagar før vi atter flytta til støls og var der til ut i september. Den første tida kjem eg i hug at vi sila mjølka i askar. Der stod den i 3-4 dagar, så fløyta vi rømmen av og hadde den i rømmeambaren. Den vart så frakta heim på ryggen. Den siste tida bar vi heim mjølka som søtmjølk og separerte den heime på garden.
Det var mykje gras på stølen. Det var eit stort arbeid å slå dette så snart heimeslåtten var over. Her var faste trehesjer som måtte bindast opp før slåtten tok til. Vi hadde eigne løer til å ha høyet i. Om vinteren, med is og snø på Sandalsvatnet, vart høyet køyrt heim og brukt som vinterfor. Det auka med mjølka når kyrne fekk stølshøy."
Stølsdrifta tok slutt kring 1945.

Nokre fakta

Byrkjelo, gard nr. 104, Breim sokn, hadde 4 bruk i 1890.


Artikkelnummer:
SFFkl-102025
 
Forfattar og datering:
Torgny Ueland, 1999.
 
Prenta kjelder:
Sandal, Per: Soga om Gloppen og Breim. Gardar og ætter. Band 5. (Upublisert, november 2000).
 
Litteratur:
Råd, Kjell: Støylar i Gimmestad og Hyen sokn. Breim 1999.
Råd, Kjell: Støylar i Breim. Breim 1997.
Tvinnereim, Jon: Seterdrift i Nordfjord. Volda 1997.
Sundt, Helge Arnljot: Hovudoppgave i geografi: Stølstun i Gloppen. 1941. Isachsen, Fridtjov: Seter-landsbyer i Nordfjord. Norsk Geografisk Tidsskrift, bind VIII, hefte 3, 1940.
Grude, J.: Stølsdriften paa Vestlandet. Stavanger 1891.
Reinton, Lars: Sæterbruket i Noreg. 3 band. Oslo 1955-1961.
 
 
Kopier lenkje til denne artikkelen:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/opi.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=4560&spraak_id=1&ptype=single

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no