© Fyrlykta på Fiskholmen
© Kalvåg fyrlykt (Ola-fyret) 2006
© Melding om fiske ved Kalvåg, 11. februar 1909. Heilt nede står nemnt Minnet (understreka her); stadnamn og fyr, vest for Steinset, brukt som referanse i melding om fisket. Det går fram at det er observert «adskillig» kval vest av Minnet, og kval høyrde med i det som vart kalla sildesyner, teikn på at det var sild i sjøen. (Nordre Bergenhus Amtstidende, 11.02.1909).
© Minnet fyrlykt 2008
© Nesje fyrlykt før den vart erstatta med ei ny i 2005.
© Nesje fyrlykt 2008.
© Oldesteinen fyrlykt 2008.

Trykk her for å sjå kartet i eit nytt vindauge

© Sparkeltaren fyrlykt erstatta i 2008 fyrlykta som no står på Amtskaia i Kalvåg.

Fyrlykter rundt Kalvåg og Frøya

Fyr og fyrlykter er vegvisarar for sjøfarande. Tre felles kjennemerke går att: a) ulike i storleik, b) oppsette til ulike tider og c) endra i samsvar med nye krav og teknologiske nyvinningar. Farvatna ved Kalvåg og rundt øya Frøya i ytre Bremanger har 6 fyrlykter: Smørhamn, Sparkeltaren, Kalvåg (Ola-fyret), Minnet, Nesje og Oldesteinen.

Frøya

Frøya ligg om lag 1,5 km vestafor den søre delen av øya Bremangerlandet. Øya er 7,5 km lang frå nord til sør, og på det breiaste 5,5 km frå odden ved Mulehovden til Sleneset. I farvatnet mellom Frøya og Bremangerlandet ligg mange mindre øyar og holmar. På sør- og vestsida av Frøya ligg det ei mengd båar og skjer. Det seiest å vere like mange holmar, skjer og fluer som det er dagar i året.

Kalvåg

Tettstaden Kalvåg ligg søraust på Frøya med innsegling frå Frøysjøen. Frå gamalt har Kalvåg vore ei viktig hamn, så vel under fiskeria som for den vanleg kystfarten. I 1930 budde det 214 menneske i 38 hus i Kalvåg. I 1950 hadde folketalet vokse til 260 menneske i 48 hus.

Smørhamn fyr på Fiskholmen

Fiskholmen ligg aust for Kalvåg og sør for den gamle handelsstaden Smørhamn. Noverande fyrlykt vart oppsett i 1936 og erstatta då eit bemanna fyr frå 1871. Det finst mange spor etter det gamle fyret, så som landingsplass, trapper og tufter.

Sparkeltaren

Sparkeltaren fyrlykt står på grunnen Sparkeltaren heilt sør i Oldersundet. Denne fyrlykta vart satt opp i 1931 og fekk oppdatert posisjon i 1937. Den vart forsterka i 1962 og elektrifisert i 1991. Lykta vart skifta ut med ei ny lykt sommaren 2008.

Kalvåg fyrlykt (Ola-fyret)

Kalvåg fyrlykt vart satt opp i 1904 og grunnleigekontrakta signert 12. august. Ho vart forsterka og elektrifisert i 1988. Ola Frøyen (1886-1962) passa på denne fyrlykta, og derav kjem namnet Ola-fyret. Ola Frøyen hadde også ansvaret for Sparkeltaren fyrlykt.

Minnet fyrlykt

Minnet fyrlykt ligg på vestsida av Frøya og sikrar innseglinga til Steinset og farvatnet vidare sørover mot Frøysjøen. Minnet fyrlykt vart satt opp i 1904 og grunnleigekontrakta vart underskriven 21. juli 1904. Lykta vart noko endra i 1934 og ombygt til solcelledrift i 1994.

Hans Steinset (1862-1958) var den første til å passe fyret. Han fekk 140 kr i året for dette arbeidet. Arbeidet var å fylle olje på den store lampen som brann og lyste dag og natt, og halde glas og ruter blanke.

Nesje fyrlykt

Heilt nord på Frøya ligg Nesje fyrlykt. Ho vart sett opp i 1894 og grunnleigekontrakta signert 17. september 1893. Fyrlykta vart forandra og forsterka i 1930, 1934, 1976 og 1999. Ho vart elektrifisert i 1976. I september 2005 vart denne fyrlykta på Nesje riven og erstatta med ei ny.

Fyrpassarar på Nesje: 1) Henrik Lorents Tansøy Espeset, til 1945, 2) Olav H. Espeset, perioden 1945-1976, og 3) den siste, Lars Nesje, frå 1976.

Oldersundet - Oldesteinen

Oldesteinen fyrlykt står på ein nakke (grunne) heilt nord i Oldersundet. Fyrlykta vart satt opp i 1931, forandra i 1934 og i 1949, og ombygd til solcelledrift 1994.

 


Artikkelnummer:
SFFkl-113562
 
Forfattar og datering:
Egil Totland, 2009
 
Uprenta kjelder:
Informasjon frå Kystverket
 
Smørhamn fyr på Fiskholmen
 
Kopier lenkje til denne artikkelen:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/print.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=113562&spraak_id=1&ptype=single

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no