© Trappetrinn i vegen opp til fyret
© Landingsplassen på nordsida av Fiskholmen, i det smale sundet mellom Fiskholmen og Fuglen. Me ser opptrekk for båt og trappetrinn ved sida, heisekran og naust.
© Fyrvaktarbustaden og fyret kring 1900. Fyrlykta var plassert ved hushjørnet i høgd med stoveetasjen.
© Ledig post for tenestejente som kan stella ei ku og slå gras. Årsløn kr. 130.-. (Annonse i Nordre Bergenhus Amtstidende, 05.12.1909).
© Folk framfor fyrlykta.
© Fyrvaktarbustaden på Fiskholmen var riven, flytta og sett opp att på Stranda like ved Kalvåg.

Trykk her for å sjå kartet i eit nytt vindauge

© Smørhamn fyrlykt september 2006

Smørhamn fyr på Fiskholmen

Fiskholmen ligg ut mot Frøysjøen sør for den gamle handelsstaden Smørhamn. Her vart det bygt bemanna fyr i 1871. I 1936 vart det sett opp ny fyrlykt og bemanninga avvikla. Enno (2009) finst det mange spor etter det gamle fyret så som landingsplass, trapper og tufter.

Fiskholmen 2009

Landingsplassen er på nordsida i sundet mellom Fiskholmen og den vesle øya Fuglen ved enden av øya Rota. Her er restar av kai, heisekran og grunnmur til naustet. Den trappelagde vegen opp til fyret på toppen går i fleire svingar. I ei nord-sørgåande kløft syner grunnmurane av fjøsbygningen, og i ei anna mindre kløft lenger vest syner brønnen. På høgaste punktet står grunnetasjen til fyrvaktarbustaden og fundamentet til sjølve fyrlykta. Dagens fyrlykt står eit kort stykke nedanfor i sør. Elles har Fiskholmen interessante innslag av konglomerat og fleire slag velkjende planter som revebjølle og kaprifolium, den siste truleg ein rest frå den tida det budde folk på fyret.

Bygginga 1869-1871

Løyving til fyr på Fiskholmen ved Smørhamn blei gitt på budsjettet for 1869/71. Det var grunngjeve med at eit fyr på Fiskholmen ville tene som innseglingsfyr til Smørhamn og fyr i leia for sjøfarande i Frøysjøen. Det var vanleg at Fyrvesenet kjøpte grunn til dei einskilde fyra på vegner av staten. Her var det snakk om å kjøpe heile holmen, som var taksert til 15 Speciedalar (Spd.). Ein del hefte på eigedomen var vanskelege å finna ut av. Fyrvesenet gjorde difor avtale med grunneigar om å betale ei årleg grunnleige på 7 ½ Spd.

Bustaden var ein trebygning på 11,6 x 7,8 meter. De andre bygningane var eit uthus med fjøs og vedskur på 6,6 x 4,4 meter og eit naust på 7,5 x 4,7 meter. På grunn av sterk stigning blei det meste av vegen frå naustet til fyret bygd som trappetrinn.

Endringar

Fyret blei tent den 17. oktober 1871. I 1897 blei fyrlyset forsterka ved installasjon av nytt fyrapparat. Landingsplassen blei utbetra i 1908, blant anna med ein svingkran.

Då fyrvaktaren gikk av med pensjon i 1936, blei den bemanna fyrstasjonen lagt ned og erstatta med ein gassfyrlykt som fikk fleire farga sektorar. Fyret ble ombygd til solcelledrift 6. oktober 1992.

Huset blei selt og rive og sett opp att på Stranda ikkje langt frå Kalvåg. Eigedomen gikk tilbake til grunneigaren. Lyktehuset ble ståande igjen i mange år, men blei  fullstendig øydelagt av lynnedslag.

Fyrvaktarane på Fiskholmen

Fyret på Fiskholmen var bemanna i 65 år og hadde ni fyrvaktarar, nemleg:

1871-1889 Ole H. Hansen
1889-1896 Olaus Olsen
1896-1911 Carl A. Olsen
1911-1913 Johan M. Christensen
1913-1917 Edvard O. Ellefsen
1917-1921 Guttorm Andreassen
1921-1924 Carsten Bisgaard
1924-1931 Johan M. Ommundsen
1931-1936 Ingebrigt Sjøsæter.
 


Artikkelnummer:
SFFkl-113563
 
Forfattar og datering:
Egil Totland, 2009
 
Uprenta kjelder:
Informasjon frå Kystverket
 
 
Kopier lenkje til denne artikkelen:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/print.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=113563&spraak_id=1&ptype=single

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no