Nytt søk
 
 Post 1 av 1
Tilbake til lista
 
© På raud grunn ein gull kvisttornkvist
Våpenet er godkjent ved kgl. res. 19.06.1987, teikna av Truls Nygaard etter ein idé av Harry Herstad. Kristtorn eller beinved er viltveksande i det milde klimaet på Stord. Stord ligg i det vi kan kalla «kristtornbeltet»; på næringsrik fyllittgrunn som gjev gode vokstervilkår for varmekjære vekstår; kristtorn og vivendel.
© Stord kyrkje er ein treskipa langkyrkje bygd i mur frå 1857. Kyrkja er reist på tuftene etter ei eldre steinkyrkje nemnd allereie i 1350-åra.
© Sunnhordland tingrett er førsteinstansdomstol for kommunane Bømlo, Fitjar, Kvinnherad, Stord, Sveio og Tysnes. Sunnhordland tingrett er lokalisert til Leirvik på Stord.

Trykk her for å sjå kartet i eit nytt vindauge

© Leirvik tidleg på 1900-talet.

Stord kommune

Stord prestegjeld og kommune omfatta også Fitjar og Valestrand fram til 1862 og 1870. Stord høyrde til Føyno skipreide eller tinglag fram til 1872. Føyno skipreide omfatta i 1647 Stord og heile Bømlo. Slik var det også i mellomalderen, då skipreida heitte Kåravik, etter den staden der sagahovdingen Horda-Kåre kan ha halde til.

Stadnamn i Stord

Stord, uttala «Storen» i dialekten, kan setjast i samband med ein ordkrins som tyder «vera stiv, raga opp». Ei anna forklaring er det gno. ordet storið «ungskog, krattskog». Føyno, det gamle namnet på skipreida, er ei samandraging av Feøy i bunden form, altså «beiteøya». Huglo er i slekt med haug, som tysk Hügel.

Hystad er ei forkorting av Hysingstad, samansett med eit gammalt mansnamn Hysing. Også Kåravik er samansett med eit gammalt mannsnamn; kanskje sagahovdingen «Horda-Kåre». I mellomalderen er det fleire gonger tale om Káravíka(r) skipreiða. Eit tredje kjent stadnamn med personnamn i førsteleddet er Rommetveit, av eldre Rómundr og tveit «(flat) rydning».

Ådland inneheld ei eldre genitivform av å «elv». To reine naturskildringar er Skjersholmane, av skjer og holme, og Langenuen, der sisteleddet er nu(v) «koll, topp», her nytta om fjorden mellom høge kollar. Agdestein inneheld kanskje ei ordstamme med tydinga «spiss, utstikkande»; truleg i slekt med Agder.


Artikkelnummer:
KHORDkl-106440
 
Forfattar og datering:
Kulturhistorisk vegbok Hordaland
 
Litteratur:
Gullberg, J. (forf) og Ø. Dragsland (red): Stord kommune 1837-1987. Jubileumsskrift. Stord 1987.
Høyland, O.: Stord bygdebok. I-III. Stord 1985.
Resser, T.: Stord. 30 år i utvikling. 1986.
Resser, T.: Stord-Fitjar og øyane. 1991.
Økland, B.G, Njåstad, M., Østrem, N.O., Skjæveland, Y.: Stord frå steinalder til oljealder. 2005-6.
 
Kulturhistorisk vegbok Hordaland
 
Kopier lenkje til denne artikkelen:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/style_hordaland.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=106440&spraak_id=1&ptype=single

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no