Nytt søk
 
 Post 1 av 1
Tilbake til lista
 
© På raud grunn seks gull dropar som lagar ein sirkel
Våpenet er godkjent ved kgl.res. 17.4.1990, og er teikna av Even Jarl Skoglund. Kommunen har nedbørsrekorden i Hordaland. Også vasskraft er ein viktig ressurs for kommunen og dropane kan symbolisera at vatnet er gull verdt.
© Strandstaden Tysse i 1909, før kaiutvidinga.

Trykk her for å sjå kartet i eit nytt vindauge

© Frå fjellgarden Kvittingen med Sotafossen i bakgrunnen - før kraftutbygginga. Samnanger gjekk på 1900-talet frå å vera ei fredeleg bondebygd til å verta ein industri- og anleggskommune, og kraftproduksjonen, ullvarefabrikken og bygginga av vegnettet gjennom kommunen førte med seg store endringar. Foto frå 1901.

Samnanger kommune

Samnanger sokn, har uendra grenser heilt fra mellomalderen til i dag. Dette soknet høyrde tidlegare til Os prestegjeld og kommune, den gamle Framnes skipreide.

Det kommunale sjølvstendet for sokna kom alt i 1907, medan samningane måtte venta til 1949 og 1950 før dei fekk eigen sokneprest og lensmann. Samnanger høyrde til anten Os skipreide eller til Os tinglag av Lyseklostergodset (før 1857). Kommunen vart skilt ut som eie tinglag i 1908.


Artikkelnummer:
KHORDkl-111859
 
Forfattar og datering:
Kulturhistorisk vegbok Hordaland
 
Kulturhistorisk vegbok Hordaland
 
Kopier lenkje til denne artikkelen:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/style_hordaland.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=111859&spraak_id=1&ptype=single

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no