Nytt søk
 
 Post 1 av 1
Tilbake til lista
 
© Ristingane er utsett for mykje slitasje ved at dei gjennom store delar av året ligg under vatn.
© På steinen er det femten skålgroper og tre par fotsolar, alle godt synlege.
© Her ved Dravladalsvatnet, ved den neddemde stølsvollen til Reisæter, ligg ein steinblokk med helleristingar.

Helleristingar under Folgefonna

Ved Dravdalsvatnet ligg den gamle stølsvollen på vel 950 meter over havet. Ristningane, truleg frå eldre bronsealder, er nokon av dei høgast liggande ristningane me har registrert i landet. Liggande rett i foten av Folgefonna viser dei spor etter ei mest skjult og spennande forhistorie.

Neddemma stølsområde

Her ved Dravladalsvatnet har garden Reisæter i Ullensvang hatt støl. Det var fem bruk som hadde stølsrett, og her var minst åtte til ni sel. Dravdalsvatnet vart regulert seint på 1960-talet. Stølshusa vart då neddemde, og området er nå umogeleg å nå store deler av året grunna snø eller høg vasstand.  

I august 2009 tok to arkeologar og grunneigar turen til den gamle stølsvollen. Det som før var ein grøn stølsvoll med fleire sel, er i dag gjort om til eit månelandskap av stein, grus og sand. Grunnmurane til tuftene er framleis synlege når vatnet er nedtappa.  

Steinblokk med groper og fotsolar

Steinen med ristningar på ligg ikkje langt frå tuftene etter husa. Steinblokka er om lag to meter i tverrmål og avrunda og flat på toppen. Arkeologane kunne konstatera at her var i alt femten store og tydelege skålgroper og tre par fint uthogne fotsolar på steinen. 

Vi kjenner til ein del slike ristningar i Sogn og Valdres, der det er funne fleire felt mellom 900 og 1000 meter over havet. Motivet som går igjen er skålgropa, ei motiv vi finn mange stader i Hordaland, og særleg i Ullensvang. Det er likevel ikkje heilt vanleg å finne dei så høgt til fjells.  

Høg alder

Kor gamle ristningane er, kvifor dei er laga og kva dei tyder finst det ikkje eit sikre svar på. Skålgropa er eit svært enkelt motiv, og har truleg vore laga over eit langt tidspenn; heilt frå steinalder og fram til mellomalder. Fleire forskarar meiner likevel at groper av den typen som er funne ved Dravladalsvatnet kan vere av dei eldste vi har.  

Knytta til bruk av liene

Slike felt med skålgroper, her i kombinasjon med fotsolar, ligg ofte i høgareliggande område. Me trur dei kan ha samanheng med bruken av liene og fjella til beite for husdyr, og at dette kan trekkast så langt tilbake som til 4500 år sidan, då i slutten av steinalder. Fotsolane som og er å finna på steinen, er av ein type som me ofte finn saman med skålgroper. Som heilt uthogne solar er dei rekna for å vere av den eldste typen. På steinblokka ved Dravdalsvatnet er det tre par med fotsolar av ulik storleik; frå små til store, eller barn og vaksen fot.  

Ligg ved den gamle ferdslevegen

Det er og interessant at den gamle ferdslevegen mellom Reisæter (Ullensvang) og Krossdalen (Jondal) går rett forbi stølen og ristningssteinen. Det er ikkje uvanleg å finne ristningar langs med gamle vegar og stiar som vart nytta i førhistorisk tid.
Ei av utfordringane for arkeologane i Hordaland fylkeskommune er at ristningane store deler av året ligg under vatn. Vinterstid er det både is og snø, haust og vår er vasstanden høg. Dette gjer at ikkje berre er ristningane vanskeleg tilgjengelige, men dei er og utsett for mykje slitasje.  


Artikkelnummer:
KHORDkl-115743
 
Forfattar og datering:
Kjersti Vevatne 2009
 
 
Kopier lenkje til denne artikkelen:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/style_hordaland.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=115743&spraak_id=1&ptype=single

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no