Nytt søk Skriv ut Hjelpeside
 
 Post 1 av 1
Tilbake til lista
 
© Ungdomshuset Frilund på Lærdalsøyri, teikna av arkitekt Johan Lindstrøm i nyklassisistisk stil. Huset vart vigsla den 18. november 1923. 17. mai talen vart halde frå trappa i inngangspartiet.

Trykk her for å sjå kartet i eit nytt vindauge

© Fruktblomstring i Lærdal 17. mai.

Ein 17. mai tale

I 1983 skreiv Oskar Nesse (1897-1991) ned denne 17. mai talen og ga den til Lokalhistorisk kontor i Lærdal kommune. Talen vart halde på Lærdalsøyri i 1933, og hadde gjort stort inntrykk på han og dei andre tilhøyrarane.

 

Det var året 1933. Eit par år før hadde me fått ny bisp, og no hadde han sendt bod til presten at han ville koma på visitas i Lærdal i midten av mai. Då 17. mainemndi fekk høyra at bispen kom til å vera her den 17., skreiv dei til han og spurde om han kunne vera så gild å halda talen på fridomsdagen. Ja, det var bispen viljug til. Saman med bispen kom prosten, men han var ein gamal kjenning i Lærdal.

Dagen kom med strålande ver. Sumaren hadde starta alt 1. mai det året, så gamle folk sa dei ikkje slikt mai-ver kunne minnast. Talen skulle som vanleg haldast frå ungdomshustroppi etter at 17. maitoget hadde gått. Det var møtt fram ei mengd med folk, for det hadde ikkje hendt i Lærdal før at ein bisp hadde halde talen for dagen den 17. mai. Det var difor bore ut alle dei benker og stolar som fanst i ungdomshuset så folk kunne få sitja. Me hadde ikkje høgtalar i den tid, så desse var sett så nær talarstolen som råd var.

Eg kom til å sitja ved sida av prosten på fremste benken medan bispen tala. Prosten hadde mørkt heilskjegg, endå det ikkje var vanleg med skjegg i dei dagar, men oppå hovudet var han heilt snau. Han gjekk med ein rund, vid, svart hatt, men medan bispen tala, sat han med hatten i fanget han som me andre, endå soli måtte stikka kvast på den blanke skallen.

Då bispen var ferdig, og folk klappa etter talen, gjekk prosten fram mot talarstolen med hatten i handi. Før formannen i 17. mainemndi fekk takka bispen for talen, var prosten komen opp på talarstolen, endå han var ikkje beden om å tala. Komen opp der, set han hatten på hovudet, og med malmfull røyst tok han til å tala:

Noreg – kva er det?”, spurde han, og han svara sjølv: ”Noreg – det er fjelli som reiser seg mot himmelen med snø på toppane og omkransa av grøne bjørkelier. Det er dei blømande frukthagane som står og varmar seg ved foten av fjelli, så det her veks den finaste gravenstein nordafor Frankrike. Det er elvi som strøymer gjennom dalen, der laksen hoppar og sprett i yr glede over å ha funne leii heimatt til mor si. Det er vegen som svingar seg gjennom dalen og over fjellet, der eg i mi studietid gjekk på mine føter frå Kristiania til Lærdalsøyri, og kjøpte kaffi på Lindstrøm Hotell for 10 øre koppen. Takk for sist!”. Han bukka til vertsfolki på hotellet som sat mellom tilhøyrarane.

Noreg – det er bonden som med varleg hand strør gudslånet ut over den nypløgde åkeren i Jesu namn i von om å få det att med mange foll. Det er fiskaren i båten sin som i uver og storm set liv og helse på spel når han skal hente havets sølv opp or den bårande sjøen. Det er våre mange sjøfolk som sigler på dei sju hav, eller her heime finn leii langs vår verharde kyst ved natt som dag året i gjennom.

Noreg – det er tømmerhoggaren som lever si meste tid i dei små tømmerkoiene langt inne i dei djupe skogane, og i kamp med snø og kulde hentar grøda ut or Noregs største åker. Det er gruvearbeidaren som arbeider under jordi når han skal henta malmen opp or Noreg sitt famntak. Det er anleggsarbeidaren som med minebor og feisel og spa og spett bind bygd og by saman med vegar og jarnvegar, ofte i eit ulendt terreng.

Noreg
– det er industriarbeidaren ved maskinen sin. Det er handverkaren ved arbeidsbenken. Det er kontormannen ved skrivepulten.

Noreg – det er dei mange tusen husmødre som med kjærleik hegnar om heimen og den nye ætt. Det er læraren i skulestova som hjelper til med dette arbeidet. Det er våre kunstnarar og diktarar som gjev oss åndelege verdiar å leva på. Det er presten i kyrkja som preikar på vegen opp til Han som signar vårt strev og vår møda.

Noreg – det er alt dette, og mykje meir.
Gud signe vårt dyre fedreland!
Takk for meg.”


Maken til syttendemaitale hadde folk aldri høyrt. Talen er nedskriven etter minne i 1983. Mykje kan vera gløymt på desse femti åri, og sume ord har vel ikkje falle nett slik som dei er skrivne her, men det meste er ordrett att-gjeve.
 


Original i Lokalhistorisk arkiv, Lærdal kommune
Mindre språklege justeringar ved Lokalhistorisk kontor, Lærdal kulturkontor
 


Artikkelnummer:
SFdf-113926
 
Forfattar og datering:
Ine Nyseth
 
 
Kopier lenkje til denne artikkelen:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/style_sognogfjordanekulturnett.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=113926&spraak_id=1&ptype=single

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no