Nytt søk Skriv ut Hjelpeside
 

Test2
1test 200
 Post 1 av 1
Tilbake til lista
 
© David Howarth (1912-1991), marineoffiser, båtbyggjar og forfattar. Operasjonsleiar for The Shetland Bus 1941-1945.
© Minneplate over David Howarth på kyrkjegarden ved Lunna kyrkje.
© Ei av to norske krigsgraver ved Lunna kyrkje.
© Minneplate på kyrkjegarden ved Lunna kyrkje over nordmenn som miste livet på havet under andre verdskrig.
© Lunna kyrkje, bygd 1753, ligg på eidet opp frå austre Lunna Voe (våg). Det andre huset er Lunna House, operasjonsbase for The Shetland Bus i tida 1941-1942. Hamna var i vågen på vestsida (bak kyrkja).

Nordsjøfarten - Shetland Bus-minnesmerke i Lunna

Den organiserte motstandstrafikken mellom Noreg og Shetland under 2. verdskrigen er på Shetland kjend som The Shetland Bus operation. Lunna var operasjonsbase 1941-1942, Scalloway i åra 1942-1945. Det finst ei rekkje minnesmerke om denne farten, både i Noreg og på Shetland. Ei minneplate over operasjonsleiaren David Howarth står ved kyrkjegardsmuren i Lunna.

Under britisk - norsk leiing

Den organiserte motstandstrafikken mellom Shetland og Noreg byrja under britisk leiing hausten 1940. Sommaren 1941 vart operasjonane trappa opp og basen flytta frå Lerwick til Lunna, kring fire mil lenger nord. I 1942 vart verksemda underlagt norsk leiing som Norwegian Naval Independent Unit. Sommaren 1942 vart basen flytta til Scalloway.

David Howarth

Den britiske marineoffiseren David Howarth (1912-1991) var sjef heile tida. Han vart tildelt fleire heidersteikn både i Storbritannia og Noreg. I Noreg vart han dekorert medSt. Olavs Ordenen 1. klasse, det høgaste heidersteiknet ein utanlandsk statsborgar kan få.

Skreiv bok

David Howarth skreiv bok om den organiserte motstandstrafikken mellom Noreg og Shetland. Boka kom i England i 1951. I 1998 kom boka i ny utgåve på forlaget The Shetland Times Ltd. Her har sonen Stephan Howarth skrive eit etterord.

Boka har eit eige kapitel om den mislukka ekspedisjonen med m/k "Brattholm I" til Troms i mars 1943. Alle om bord med unntak av agenten Jan Baalsrud miste livet. Ein mann fall i trefninga og ein som vart såra, døydde på sjukehus i Tromsø. Dei ni andre vart skotne 2. april etter harde avhøyr. Tre av mannskapet var frå Solund. Seinare skreiv Howarth bokaEscape alone(på norskNi liv) om korleis Jan Baalsrud greidde å koma seg unna tyskarane.

Minneplate

David Howarth døydde 2. juli 1991. Etter eige ynskje vart oska hans strødd på sjøen i Lunna Voe (våg). På ei minneplate oppsett ved kyrkjegardsmuren ved Lunna Kirk, står skrive (* tyder: på ny linje):

In proud and loving memory * of * David Armine Howarth * 18 July 1912 - 2 July 1991 * Naval officer, boatbuilder * and author * who from Lunna House and later * from Scalloway * ran the Shetland Bus operation * from 1941 to 1945 * who loved these islands dearly * and whose ashes were scattered * as he wished * at the water of Lunna Bay. * Take home his name in your heart * for * he was a brilliant writer * full of grace and wit * and common sense."

Krigsgraver

Då krigen var slutt var det tre norske krigsgraver på kyrkjegarden i Lunna. Kvar grav var merka med ein enkel trekross med det norske flagget og ein plakett. Ei av gravene var grava til Nils J. Nesse frå Bømlo, ein mann i Shetlandsgjengen. Han var den fyrste av 44 som sette livet til i operasjonane til The Shetland Bus. Nesse stod 28. oktober 1941 til rors på m/k "Siglaos" på veg frå Noreg til Shetland. Bård Grotle frå Bremanger var maskinist. Nils Nesse vart råka av eld frå eit tysk fly og døydde kort tid etter utan å koma til medvit.

Gravferda til Nils Nesse

David Howarth fortel gravferda til Nils Nesse i bokaThe Shetland bus:

"In a morning of calm and winter sunshine we buried him at Lunna, in the graveyard of the ancient church below the house. There was nobody to conduct his funeral i Norwegian; but many of the other young ones wept as the Scottish service, which they could hardly understand, was read in the sombre grey stone church. After the commital the Last Post was sounded, and one of the men started to sing the Norwegian National Anthem. All joined in. I saluted the grave and the other officers present foloowed suit."

Vi gravla han ein stille og solfylt vintermorgon på kyrkjegarden ved den gamle kyrkja nedom huset [Lunna House]. Der var ingen som kunne seia fram gravferdsritualet på norsk, men mange gret då den skotske seremonien - som dei knapt nok kunne forstå - vart halden i den vesle steinkyrkja. Etter ritualet og orda The Last Post [siste honnør for ein fallen soldat] stemde ein av mennene i den norske nasjonalsangen og alle song med. Eg gjorde honnør ved grava og dei andre offiserane gjorde det same.»

Minneplate om norske sjømenn

No er det berre to norske krigsgraver på kyrkjegarden i Lunna. Nils Nesse vart flytta heim til Bremnes i 1948. The Shetland-Norwegian Friendship Society har sett opp ein minneplakett over dei på kyrkjegardsmuren ved sida av minneplata over David Howarth. Orda er på engelsk og norsk (* tyder: på ny linje): "Til minne * om de norske sjømenn som mistet livet på havet * under den annen verdenskrig * 1939 - 45 * begravet på denne kirkegården. Kjent bare av Gud."


Artikkelnummer:
SFFkl-102290
 
Forfattar og datering:
Hermund Kleppa, 2006
 
Prenta kjelder:
Howarth, David: The Shetland Bus. 1951. New edition 1998. The Shetland Times Ltd.
Norsk Krigsleksikon. 1940-1945. Oslo 1995.
Heggheim, Trygve: Nordsjøtrafikken. I Krigsår. Liv og lagnader i Sogn og Fjordane 1940-1945. Selja Forlag 2005.
Shetland Bus Memorial. Souvenir Booklet. 2003.
 
 
Kopier lenkje til denne artikkelen:
http://www.sffarkiv.no/sffbasar/style_sognogfjordanekulturnett.asp?p=result&db=dbatlas_leks&art_id=19639&spraak_id=1&ptype=single

Tilleggsinformasjon:
Me ynskjer kommentarar til artikkelen. Har du utfyllande opplysningar? Kjenner du til andre fotografi?
Send oss ein epost: postmottak.sffarkiv@sfj.no